Kunngjøring Søre Øyane, Bjørnefjorden kommune

VARSEL OM OPPSTART AV DETALJREGULERINGSPLAN FOR AMUNDSNESET, GNR 30 BNR 150 OG 255
MFL., SØRE ØYANE, BJØRNAFJORDEN KOMMUNE, PLAN-ID 20200500.

I samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 vert det med dette varsla oppstart av arbeid med
detaljreguleringsplan for Amundsneset, Gnr 30 Bnr 150 og 255 mfl., Søre Øyane, Bjørnafjorden kommune,
Plan-ID 20200500. Forslagsstillar er Samba Eiendom AS. A/STAB er utførande konsulent for planlegginga.

Planområdet er på om lag 14,5 daa og er avgrensa som vist i varselkartet. Vegareal langs Røtingavegen er
inkludert for å vise tilhøva rundt Lepsøybrua, sikre frisiktsoner og for å kunne utbetre kryss etter gjeldande krav.
Planområdet er i dag ikkje regulert. I arealdel til kommuneplanen er planområdet sett av til
industriføremål, og området vest for eigedommane er avsett til friområde, bustadområde og anna byggeområde. Området i sjøen har føremål for småbåtanlegg.

Føremålet med reguleringsplanen er å
regulere området til industri og kai, inkl. Kontor og opphaldsrom innafor føremålet «anna næring».
Områda i sjøen vil verte regulert til hamneområde i sjø. Det vil i tillegg regulerast noko vegareal innafor
føremålet veg eller køyreveg og fortau. Planarbeidet er vurdert til ikkje å utløyse krav om konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova § 4-2.
Dei som etter lova har krav på skriftleg varsel om planoppstart vert varsla direkte med brev.

Eventuelle merknader eller innspel til planarbeidet kan sendast skriftleg til A/STAB AS, Ulsmågvegen 7, 5224 Nesttun, eller per e-post til post@a-stab.no. Merknadsfrist er satt til 16.03.2021. Alle mottekne dokument vert sendt til kommunen saman med planframlegget.
For meir informasjon om planarbeidet, kontakt A/STAB AS, tlf: 902 57 455.

Varselbrev

Referat oppstartsmøte