Blog
Kunngjøring Sørlia, Høyseter
Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid for Sørlia, Høyseter. Gnr. 33, bnr. 1, 15, 33 og 49
Med heimel i plan- og bygningsloven §§ 12-3 og 12-8 vert det varsla om oppstart av arbeid med detaljregulering for Sørlia, Høyseter. Gnr. 33, bnr. 1, 15, 33 og 49. Forslagsstiller er Sørlia I AS, med A/STAB AS som plankonsulent.
Planområdet er avsatt til fritidsbustad, landbruk, natur og friluftsliv (LNF) og bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone i kommuneplanens arealdel. Planområdet omfatter gnr. 33 bnr. 1, 15, 33 og 49, samt delar av Høysetetjørna. Planområdet er på 32 daa og avgrensa som vist i varselkartet.
Formålet med reguleringsplanen er å regulere delar av eigedomane med gnr. 33 bnr. 15 og 33 til fritidsbustadar med tilhøyrande parkering, tilkomstveg og badeplass.
Planarbeidet er vurdert å ikkje utløyse krav om konsekvensutredning etter plan- og bygningsloven § 4-2.
Oppstartsmøtet vart helde den 26.08.2026 og oppstartsløyve vart gjeve i møtet.
Dei som har krav på skriftleg varsel om planoppstart vert direkte varsla med brev i Altinn. Oppstart av planarbeidet vert og varsla i Samningen.
Eventuelle merknader eller synspunkt kan sendast skriftleg til A/STAB AS, Ulsmågvegen 7, 5224 Nesttun eller til innan 09.11.2026. Alle mottekne dokument vert vurdert av plankonsulent og vidaresendt til kommunen.
Kontaktperson
Ellen Høysæter-Fjelddalen
Avdelingsleder eiendomsutvikling
T: 901 96 356