2020, Kunngjøringer

Kunngjøring Eide hamn

VARSEL OM OPPSTART AV DETALJREGULERINGSPLAN FOR EIDE HAMN , GNR 35 BNR 14 MFL., EIDE, HYLLESTAD KOMMUNE, PLAN-ID 2020002.

I samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 vert det med dette varsla oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for Eide hamn, Gnr 35 Bnr 14 mfl., Eide, Hyllestad kommune, Plan-ID 2020002. Forslagsstillar er Firda Sjøfarmer AS. A/STAB er utførande konsulent for planlegginga. Planområdet er på om lag 22 daa og er avgrensa som vist på varslingskart. Vegareal er inkludert for å sikre m.a. frisiktsoner og for å kunne oppdatere kryss etter gjeldande krav.

Planområdet er pr. i dag uregulert. I kommuneplanen sin arealdel er planområdet sett av til hamn, og området kring veg i nord er avsett til LNF. Føremålet med reguleringsplanen er å regulere området til industri, lager og kai. Planarbeidet er vurdert til ikkje å utløyse krav om konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova § 4-2.

Dei som etter lova har krav på skriftleg varsel om planoppstart vert varsla direkte med brev.
Eventuelle merknader eller innspel til planarbeidet kan sendast skriftleg til A/STAB AS, Ulsmågvegen 7, 5224 Nesttun, eller per e-post til post@a-stab.no. Merknadsfrist er sett til 18.01.2021.

Alle mottekne dokument vert sendt til kommunen saman med planframlegget.
For meir informasjon om planarbeidet, kontakt A/STAB AS, tlf: 902 57 455

Referat oppstartsmøte

Varselkart

Varselbrev