2021, Kunngjøringer

Kunngjøring Byrknes Panorama

VARSEL OM OPPSTART AV DETALJREGULERINGSPLAN FOR BYRKNES PANORAMA, GBNR. 95/7 OG 95/256 M.FL., GULEN KOMMUNE.

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 vert det med dette varsla at A/STAB AS på oppdrag for SIL Eiendom AS set i gong arbeid med detaljreguleringsplan for gnr. 95, bnr. 7 og 256 m.fl., Byrknes, Gulen kommune. 

Deler av planområdet er pr. i dag regulert til bustader, anna spesialområde og friområde i sjø og vassdrag. I kommuneplanens arealdel er planområdet sett av til bustader, andre typar bygningar og anlegg, forretningar, LNFR samt bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone. Sjøområda er sett av til ferdsel.  

Formålet med reguleringsplanen er å regulere området til bustader, hotell med svømmeanlegg, småbåtanlegg, leikeplass, næring og tenesteyting. Området det er planlagt hotell på er sett av til næring i framlegg til ny kommuneplanens arealdel. Planforslaget medfører utfylling i sjø. Planarbeidet er vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova § 4-2.  

Planområdet er 105 daa, og avgrensa som vist på vedlagte varslingskart. 

Dei som etter lova har krav på skriftleg varsel om planoppstart vert varsla direkte med brev. 

Eventuelle merknader eller innspel til planarbeidet kan sendast skriftleg til 

A/STAB AS, Ulsmågvegen 7, 5224 Nesttun, 

eller per e-post til post@a-stab.no. 

Merknadsfrist er sett til 03.11.2021. 

Alle mottekne dokument vert sendt til kommunen saman med planframlegget. 

For meir informasjon om planarbeidet, kontakt på tlf: T: 90 25 74 55.

 

Varselbrev

Varselkart

Referat oppstartsmøte