VARSEL OM UTVIDA PLANGRENSE FOR DETALJREGULERINGSPLAN FOR EIDE HAMN, GNR 35 BNR 14 MFL., EIDE, HYLLESTAD KOMMUNE, PLAN-ID 2020002.
I samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 vert det med dette varsla utvida plangrense for oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for Eide hamn, Gnr 35 Bnr 14 mfl., Eide, Hyllestad kommune, Plan-ID 2020002. Planavgrensinga vert utvida grunna krav om utbetring av kryss mellom Kv. 73 Skivenesvegen og Fv. 5655. Forslagsstillar er Firda Sjøfarmer AS. A/STAB er utførande konsulent for planlegginga. Planområdet er på om lag 31,3 daa og er avgrensa som vist på varslingskart. Veg og tilstøytane areal er inkludert grunna utbetring av den kommunale vegen, for å kunne oppgradere kryss og avkøyrsel etter gjeldande krav, og for å sikre m.a. frisiktsoner og møteplassar.
Planområdet er pr. i dag uregulert. I kommuneplanen sin arealdel er planområdet sett av til hamn, og området kring veg i nord er avsett til LNF. Føremålet med reguleringsplanen er å regulere området til næring, lager og kai. Planarbeidet er vurdert til ikkje å utløyse krav om konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova § 4-2.
Dei som etter lova har krav på skriftleg varsel om planoppstart vert varsla direkte med brev.
Eventuelle merknader eller innspel til planarbeidet kan sendast skriftleg til
A/STAB AS, Ulsmågvegen 7, 5224 Nesttun,
eller per e-post til post@a-stab.no.
Merknadsfrist er sett til 25.03.2021.
Alle mottekne dokument vert sendt til kommunen saman med planframlegget.
For meir informasjon om planarbeidet, kontakt på tlf: 902 57 455.