2021, Kunngjøringer

Kunngjøring Austevoll Laksepakkeri

VARSEL OM OPPSTART AV DETALJREGULERINGSPLAN FOR AUSTEVOLL LAKSEPAKKERI, STOREBØ, AUSTEVOLL KOMMUNE, PLAN-ID 20210004.
I samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 vert det med dette varsla oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for Austevoll Laksepakkeri, plan-ID: 20210004. Forslagsstillar er Austevoll Eiendom AS, mens A/STAB er utførande konsulent for planlegginga. Planområdet omfattar eigedom 43/99 og 43/153 m. fl. er på om lag 38,4 daa og er avgrensa som synt på varslingskart.


I kommuneplanens arealdel er området sett av til noverande og framtidig næringsverksemd. Områda i sjøen har arealformål hamn. Ein mindre del av området har arealformål LNF og nyttes i dag til parkering. Det er ikkje planlagt endringar i bruken av parkeringsplassen. Gjennom områdereguleringsplanen for Storebø sentrum er planområdet regulert til industri. Områda i sjøen har arealformål hamneområde i sjø og akvakulturanlegg, mens vegareal er regulert til køyreveg, fortau og annan veggrunn grøntareal.


Føremålet med reguleringsplanen er å regulere området på ein slik måte at det kan oppførast nye næringsbygningar og tilhøyrande anlegg i tilknyting til dagens industribygningar for laksepakkeriet. Planarbeidet er vurdert til ikkje å utløyse krav om konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova § 4-2.

Dei som etter lova har krav på skriftleg varsel om planoppstart vert varsla direkte med brev.
Eventuelle merknader eller innspel til planarbeidet kan sendast skriftleg til A/STAB AS, Ulsmågvegen 7, 5224 Nesttun, eller per e-post til post@a-stab.no. Merknadsfrist er sett til 15.04.2021.

Alle mottekne dokument vert sendt til kommunen saman med planframlegget.
For meir informasjon om planarbeidet, kontakt A/STAB AS, tlf: 902 57 455.

Varselbrev

Varselkart

Referat oppstartsmøte