Kunngjøring

27.06 2019
Melding om oppstart av detaljregulering for Furhaugen, gnr. 57, bnr. 8 - Midtre Fjell, Fjell kommune.
MELDING OM OPPSTART AV DETALJREGULERING FOR FURHAUGEN, GNR. 57, BNR. 8 - MIDTRE FJELL, FJELL KOMMUNE.


I samsvar med plan og bygningslova § 12-8 vert det med dette varsla at A/STAB på oppdrag for Huldraspelet Eiendom AS set i gong arbeid med detaljreguleringsplan for Furhaugen, gnr. 57 bnr. 8 - Midtre Fjell, Fjell kommune.
Planområdet er 31,3 daa, og avgrensa som vist på varselkart i link under.

Ein mindre del av planområdet ligg innanfor reguleringsplan for Huldraspelet, Kleivane, gnr/bnr 57/5, 21 m.fl., Midtre Fjell, planid. 20070016, og er regulert til bustad, naturområde og køyreveg. Den sørlege delen av planområdet ligg innanfor reguleringsplan for Rv 559 Fjell-Ulveset, planid. 20070038, og er regulert til landbruksveg og gang-/sykkelveg.

I kommuneplanen sin arealdel er planområdet for det meste sett av til framtidig bustadområde. Ein mindre del er avsett til eksisterande bustadområde, grønstruktur og veg.
Formålet med reguleringsplanen er å regulere området til bustad med tilhøyrande infrastruktur. Tilkomst er planlagt via sørleg veg i godkjent naboplan Huldraspelet, Kleivane, gnr/bnr 57/5, 21 m.fl., Midtre Fjell, planid. 20070016.
Planarbeidet er vurdert til ikkje å utløyse krav om konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova § 4-2. Aktuelle vurderingstema for planarbeidet er terrengtilpassing og tilkomst, landbruk og naturmiljø.


Eventuelle merknader eller innspel som kan ha innverknad og/eller som er av relevans for planarbeidet skal sendast skriftleg til A/STAB AS, Ulsmågvegen 7, 5224 Nesttun eller per e-post til post@a-stab.no. Merknadsfrist er 14.08.19.

Alle mottekne dokument vert sendt til kommunen saman med planframlegget i samband med første gongs innlevering.

Varselkart med gjeldende planer

Varselkart