Kunngjøring

11.09 2018

Melding om oppstart av detaljregulering for Høysetevegen 136, gnr 35 bnr 4 m.fl., næringsområde i Børdalen, Samnanger Kommune.

 

 

 I medhald av plan og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 blir det hermed varsla om oppstart av planarbeid for gnr/bnr 35/4 m.fl. i Børdalen, Samnanger kommune.

Planarbeidet har som intensjon å legge til rette for eit datasenter med tilhøyrande infrastruktur. 

Planarbeidet utløyser krav om konsekvensutgreiing etter § 4-2 og planprogram etter § 4-1. 

Planprogrammet vert lagt ut til offentleg ettersyn samtidig som planarbeidet vert varsla.  Forslagsstillar er Regn Datacenters AS.  A/STAB er utførande konsulent for planlegginga.

Planområdet er 338,4 daa, og skal omfatte tilstrekkeleg areal til vurdering av alternative løysningar for tilkomstveg og sikringstiltak mot ras. 

Nettstasjonen er tatt med på grunn av at dei næraste høgspentlinene skal gravast ned i bakken. Sjølve datasenteret skal plasserast innanfor område N07 i KPA 2017-2027 med arealformål framtidig næringsbebyggelse. Vesentlege utgreiingstema er ras og skred, vassdrag og vassdragsvern, flaum og erosjon, naturmangfald og landskap. 

 

Eventuelle merknader eller innspel som er av relevans for planarbeidet skal sendast skriftleg til A/STAB AS, Ulsmågvegen 7, 5224 Nesttun eller per e-post til post@a-stab.no.

Merknadsfrist er 31.10.2018.

Alle mottatte dokument vert sendt kommunen i samband med første gongs innlevering.

For meir informasjon om planarbeidet kontakt A/STAB AS, tlf: 902 57 455.

 

Varselbrev

 

Varselkart

 

Planprogram

 

Referat oppstartsmøte